|
Uttaling frå Landslaget for lokalhistorie sitt landsmøte i Kristiansand 5.-7.6.09 om den kulturpolitiske situasjonen Bilder fra Landsmøtet i Kristiansand 2009
I dei seinare åra har vi sett ein generell vekst på kultursektoren. Ei rekkje stortingsmeldingar, offentlige utgreiingar, planar og rapportar er komne som klart viser satsinga på kultursektoren i vid forstand, og i budsjettsamanheng er det òg monaleg auke. Trass i den generelle veksten på kultursektoren opplever vi ein stillstand i det frivillige kulturvernet. Landslaget for lokalhistorie har i sine søknader om statsstøtte bede om auke for å kunne ivareta dei omfattande kulturvernoppgåvene vi har ansvar for, men har så langt berre fått kompensasjon for prisvekst. I perioden 2006-2007 kom Stortingsmelding nr. 39 – Frivillighet for alle. Denne meldinga handsamar ulike delar av frivillig sektor. Både i denne meldinga og i andre dokument som er relevante for kulturvernsektoren, er det ei undervurdering av den frivillige innsatsen. Den frivillige delen av kulturvernarbeidet i regi av organisasjonar og enkeltpersonar er langt meir omfattande enn det som er blitt kartlagt frå offisielt hald. Frivillig sektor blir også i stor grad dominert av sosiale og humanitære organisasjonar, og innsatsen innafor det frivillige kulturvernet blir tilsvarande mindre synlig. Når det er blitt uttrykt frå sentralt politisk hald at frivilligheit er eit satsingsområde, er det gjerne ulike organisasjonar på det sosiale og humanitære området dei har i tankane, og det trengst meir synliggjering og satsing på kulturverndelen av frivillig sektor. Grasrotdelen av tippemidlane skulle gjennom Frivilligheitsregisteret komme dei frivillige organisasjonane til økonomisk hjelp. Medlemsorganisasjonane til LLH har så langt opplevd denne registreringsordninga som tungrodd og byråkratisk, og det gjenstår å sjå om dei økonomiske bidraga av grasrotdelen blir av noko betyding. Likeeins er ordninga med refusjon av meirverdiavgift tungvint, og ho gir lite igjen i forhold til det arbeidet som går med til å gjere klar refusjonsunderlaget. Vi vil peike på den omfattande innsatsen som lokalhistorierørsla gjer for kulturvernet i vid forstand. Skriving av lokal historie i form av bygde-, by- og regionhistorie og i form av årboksartiklar, utgjer ein viktig del av dette. Historiefaget i Noreg har gjennomgått ei evaluering, og i denne evalueringa blir det framheva at ein her til lands kan skrive god nasjonal historie på grunn av mange kvalitativt gode lokalhistoriske verk. Det blir også sagt at desse arbeida gir grunnlag for ei akademisk sekundærraffinering. Vi vil også peike på innsatsen innafor det immaterielle kulturminnevernet. Noreg ratifiserte UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv i 2007, og saka om implementering av denne var ute på høyring i 2008. Vi ser det som viktig at det folkelige kulturminnevernet blir aktivt involvert i arbeidet med oppfølging av denne konvensjonen. Historielagsrørsla representerer i denne samanhengen ei nødvendig, folkelig forankring. Historielaga står i levande kontakt med mange sentrale kulturberarar. Saman med tilsvarande organisasjonar og institusjonar på feltet kan dei bidra til å sikre at dei immaterielle kulturminna blir tatt vare på og vidareformidla. Vi meiner derfor at arbeidet med den immaterielle kulturarven bør gjerast etter ein desentralisert modell der ein spelar på lag med lokale og regionale krefter.
|